LEIV OLSEN

Når blei Norge Norge?

Spesielt om betydninga av slaget i Hafrsfjord og slaget på Stiklestad

Det er lett å tenka at det alltid har eksistert eit Norge. Men dei fyrste menneska som kryssa Norskerenna då isen trekte seg tilbake, tenkte ikkje at «no kjem me til Norge». Og ikkje kalla dei seg nordmenn. Appellativet «Norge», Nóregr, er norrønt og tyder vegen, dvs. skipsleia, gjennom noret (eller mot nord). Norge var namn på skipsleia før det blei namn på landet. Men kan me seia noko om når, korleis, og korfor, det blei namn på landet?


Når oppsto Norge som eining og nordmenn som folk?

Alt i Romarriket finn me dei fyrste omtalar av tilhøve i Norge og Skandinavia. Mest detaljert var Jordanes, som i Gotesoga, skriven rundt 550, ramsa opp 29 folk over heile Skandinavia — samane, og i tillegg eit stort tal folk, håløygar, svear, danar, rygar osb. som truleg alle snakka urnordisk. Det er ingen grunn til å tru at dei som heldt til på norskekysten, oppfatta at dei var noko ‘Norge’ eller ‘nordmenn’ som med det skilde seg frå svear og danar. Det inntrykket får me heller ikkje frå dei som på 700-talet sat i Italia og skreiv om forholda i Norden, eller frå vesteuropeiske annalar og krøniker som fortalde om vikingangrep på slutten av 700-talet og gjennom 800-talet. Ingen vesteuropeiske kjelder tyder på at det fanst eit land eller landområde «Norge» — før håløygen Ottar ein gong rundt 890 fortalde Englands kong Alfred om tilhøva i heimlandet. «Eg bur lengst nord av alle nordmenn,» sa Ottar, og fortalde om Norðweg, som var langstrakt, med eit breitt åkerland i aust (som må vera områda rundt Oslofjorden, altså Vika), ikkje like breitt i det midtre landet (som må vera på vestlandskysten), og i den nordlege delen, Halgoland, heldt nordmenn til på øyane og ei smal kyststripe, i lag med samane. Aust for Norðweg budde samane over eit stort område mellom nordmenn i vest og svear og kvenar i aust, og like til det som må vera Kvitsjøen i nord.[1]

Ottar veksla mellom å seia Norðweg og Norðmanna land, som tydelegvis omfatta alt kystland i dagens Norge, frå og med Oslofjorden og til og med kysten i (midtre) Troms, og med noko land innafor kysten. Beretninga hans er den eldste kjelda som bruker begrepet Norðweg. Det er fyrste gong Norge er omtala som ei eining, og fyrste gong nordmenn blir omtala som eit særskilt folk, eit folk som skilde seg frå både svear og danar — og samar. ‘Nordmenn’ tyder folk frå nord; det kunne vera skandinavar generelt. Ottar nytta det bare om eitt folk i Norden, «nordmenn» til skilnad frå danar og svear, og det var nytt. Det var nytt at alle som ikkje var svear og danar, var eitt folk, nordmenn, og det var nytt at begrepet ‘nordmenn’ blei nytta på slikt innskrenkande vis, «ikkje danar og svear».

Kva var Ottars Norge?

Kva var dette Norðweg som Ottar snakka om — eit rike, eller bare eit geografisk område? Beretninga står i Alfreds tillegg til Orosius’ verdshistorie. Det er sagt at dette tillegget bare handla om geografiske tilhøve, ikkje politiske. Men i dette tillegget, som Ottars beretning var ein del av, står det blant anna at Bornholm har sin eigen konge — ei politisk, ikkje geografisk, opplysning; skribenten er nøye på kva øyar som høyrer til Danmark, og at Blekinge, Öland og Gotland høyrer til Svearike; også det politiske opplysningar. Alfred skilde òg mellom nord-danar og sør-danar. Det må vera fordi det danske riket på hans tid var delt mellom fleire kongar. Og når Ottar sa at Vika (i alle fall Skiringssal) høyrde til Norge, viser det at noko er endra, for i 813 skreiv frankiske annalistar at Westarfolda var den nordvestlege delen av det danske kongeriket.[2] Det er openbart at det Alfred fekk skrive ned, var ei skildring som inneheldt så vel politiske som geografiske opplysningar. Når Ottar kalla seg sjølv nordmann, sa at Norðweg eller Norðmanna land omfatta både hans eige Hålogaland, vestlandskysten og Vika (i det minste Skiringssal), må det ha skjedd ei politisk endring. Av eitt eller anna slag.

Så kjem den eine beretninga etter den andre som fortel om landet Nóregr, og at folket der var nordmenn. Torbjørn Hornklove dikta om slaget i Hafrsfjord og kalla då Harald Hårfagre for dróttin norðmanna.[3] Tjodolv frå Kvina dikta Ynglingatal, ‘opprekning av kongar’, til ære for ein kong Ragnvald heiðumhárr. Der fortalde Tjodolv om korleis ei rekke kongar hadde døydd; dei fyrste var kongar i Svearike, dei siste rundt Oslofjorden. Om den siste sa han at no treivst niðkvísl í Nóregi.[4] Når Ynglingatal blei dikta, har det vore mye debatt om, det mest sannsynlege er kanskje at det blei dikta ein gong tidleg på 900-talet. Dei fleste (ikkje alle) meiner det må ha vore mens Harald Hårfagre levde. Då er det påfallande at Tjodolv sa at ættgreina no treivst i Norge, for dei siste kongane i kvadet må ha halde til i Vestfold og andre landskap rundt Oslofjorden, men tidleg på 800-talet var desse områda danske. No var dei blitt ein del av Norge. Det var òg kva Ottar fortalde; han sa at Skiringssal (i dag i Larvik) låg i den austre delen av Nordweg, mens han fyrst kom til Danmark då han segla vidare mot sør (mot Hedeby). Det som er sikkert, er at me har tre heimelsmenn som var omtrent samtidige og som uavhengig av kvarandre alle tre fortalde om Norge og nordmenn. Og hos dei tyder norðmenn eit folk som ikkje var korkje svensk eller dansk, og heller ikkje samar. Denne ordbruken møter me gjennom heile 900-talet.

I Hákonarmál som Øyvind Skaldaspille dikta til Håkon Adalsteinsfostres ære, sa Øyvind at i kampen mot øydanane hadde Håkon gengi norðmanna ‘nordmennenes støtte’ frå håløygar så vel som frå holmrygar (Hál 3).[5] Skalden Glum Geirason sa om Harald Gråfell at han var Nóregs konungr stóra (Gráf 6:4).[6] Etter at Harald fall i kampar i Limfjorden kunne danskekongen Harald Blåtann rekna seg som konge også over Norge: ‘den Harald som vann heile Danmark, og Norge i tillegg’, skrøyt han på den store og rikt dekorerte Jellingsteinen.[7] Den runesteinen kan vera reist ein gong i 960- eller 970-åra. Etter at dei danske jomsvikingane tapte mot trøndarjarlen Håkon den mektige i slaget ved Hjørungavåg dikta skalden Einar Skålaglam Vellekla, og der sa han at Håkon no rådde over alt land «nord for Vika»; det var 16 jarlars land, frå Lista i sør og nordover langs heile kysten; allr Nóregr glumði ‘heile Norge ljomde’ der Håkon fór i strid (Vell 22).[8] Og Olav Tryggvason blei kalla dróttinn norðmanna ‘nordmennenes konge’ i Erfidrápa som Hallfred Vandrædaskald dikta etter slaget ved Svolder (ErfÓl 25).[9] Eirik jarl, som overtok, blei hylla som  allvalds Nóregs mǫnnum (overkonge over alle nordmenn), i kvadet Eiríksdrápa (Eirdr) som skalden Tord Kolbeinsson dikta.[10] Han presiserte jarlens land som alt frå Vega i nord til og med Agder i sør.[11]

Me ser at frå og med Harald Hårfagre blei alle kongar og jarlar som herska over norskekysten, kalla Norges eller nordmennenes konge eller fyrste, enten i samtidige skaldekvad eller på runesteinar dei lot reisa. Det viser at Nóregr var godt etablert som namn på eit land, eller landområde, og det omfatta både vestlandskysten, hålogalandskysten og noko meir. Men dette «noko meir» varierte. Det var området den enkelte kongen eller jarlen rekna han hadde herredømmet over, som til ei kvar tid blei kalla Nóregr. Det er uvisst om Trøndelag var rekna med i det Ottar kalla Norðweg, men Oslofjord-området, Vika, var bestemt ein del av Ottars Norðweg. Vika var ikkje ein del av Håkon jarls Nóregr, men det er heilt klart at Trøndelag var det — det var sjølve kjerna i Håkons rike. Nóregr var på 900-talet namnet på landet som kongen eller jarlen til ei kvar tid rådde over.

Med ‘land’ meiner eg sjølvsagt ikkje ‘stat’ i moderne tyding. Kva slags herredømme det var, må studerast særskilt; kanskje innebar det bare at kongen kunne kreva lydnad frå dei som skulle ferdast langs kysten, og avgifter frå dei som ville ferdast som handelsmenn.

Før slutten av 800-talet høyrer me aldri om noko landområde ‘Norge’. Me skal vera varsomme med å trekka slutningar ex silentio, men kjeldene var også då så pass mange at tausheten er påfallande. Inntrykket er at Nóregr blei namn på landet då éin mann, Harald Hårfagre, kravde lydnad frå alle som skulle ferdast langs skipsleia Nóregr. Dersom dét er tilfellet, er Nóregr, Norge, som landsnamn, resultat av Haralds erobringar, med slaget i Hafrsfjord som krona på verket. Eg hevdar at Norge blei fødd i slaget i Hafrsfjord — og sidan har det alltid vore ein realitet. 

Kva rolle spelte slaget på Stiklestad?

Slaget på Stiklestad er òg ei storhending i norsk historie. Sjølve slaget endra ikkje stort, Olav Haraldsson stupte der i forsøket på å vinna makta tilbake. Men hendingane etter slaget endra alt.

Danskestyret blei fort upopulært. Det nytta Olavs hirdbiskop, Grimkjell. Han fekk grave opp liket av Olav, la det fram på alteret i ei kyrkje i Nidaros, og overtydde folk om at hår, skjegg og negler hadde vakse på den daude mannen — han måtte vera heilag. Sigvat skald var til stades og sa, i ei lausavísa, at dette hadde han sjølv sett. Torarin lovtunge, hirdskalden til den danske underkongen i Norge, Svein Alfivason, dikta kvadet Glælognskviða. Der rådde han kongen sin til å søka helgenkongen Olavs vern og støtte.[12] Tore Hund, ein av dei som felte Olav på Stiklestad, drog på pilegrimsferd til Roma for å bøta for skaden. Få år etter slaget omtala angelsaksiske kjelder Olav som helgen, og dødsdagen onsdag 29. juli blei skrive ned som dagen han blei «fødd» som helgen. Andre av dei som hadde felt Olav på Stiklestad, drog til Russland for å henta den unge Magnus og gjera han til landets nye konge — og Norge hadde fått ein helgenkonge.

Jon Gunnar Jørgensen, professor i norrøn filologi, har nøye studert alle kvad av og om Olav Haraldsson. Før slaget på Stiklestad blei han aldri omtala som kristningskonge. Etter slaget blei han fort til helgenkonge.[13]

Kva kan ha vore drivkrafta til Grimkjell? Olav hadde støtta Grimkjell då denne ville innføra særskilde kristenrettar. Når støttespelaren hans var borte, kan Grimkjell ha frykta at også kristenrettane forsvann. Han kan ha visst at Olav var gravlagd i myrjord, og skjønt at liket ville vera friskt om det blei grave opp. Han lykkast i alle fall, og med kongen som helgen stod kyrkja sterkt. Vel hundre år etterpå blei Olavs status som helgenkonge viktig då bispane ville skilja ut Norge som eige erkestift, med Nidaros som sete for norske erkebiskopar. Då dei fekk pavens ja til dette, og erkestiftet blei innvigd, dikta presten og skalden Einar Skulason kvadet Geisli, der han hylla helgenkongen, Heilag-Olav. Gjennom heile mellomalderen, og i alle år etterpå, har Olav vore Norges evige konge. Det styrkte kyrkja, det styrkte kongemakta, og det har utan tvil bidratt til å styrka nasjonalkjensla og sveisa nordmenn endå tettare saman som eitt folk.

Slaget på Stiklestad har vore viktig i å bygga opp nasjonalkjensla. Men det var med slaget i Hafrsfjord at Norge blei fødd. Det var sannsynlegvis då Norge blei Norge. Sikkert er det at i alle år etter Hafrsfjordslaget har Norge vore namnet på riket som kongen eller jarlen over norskekysten hevda å ha herredømme over. Det var riket til norskekystens konge, eller jarl, som var Norge.

Litteratur

Hvass 2011 = Hvass, Steen: Jellingmonumenterne. 2011. https://slks.dk/fileadmin/user_upload/kulturarv/publikationer/emneopdelt/verdensarv/Jelling-monumenterne_96s.pdf.

Lund 1983 = Lund, Niels. 1983. Ottar og Wulfstan, to rejsebeskrivelser fra vikingetiden. Roskilde: Vikingeskibshallen i Roskilde.

Runer.ku.dk. (offisiell heimeside med oversikt over alle kjende danske runeinnskrifter); https://runer.ku.dk/q.php?p=runer/home.

Skj = Finnur Jónson. 1908-1915. Den norsk-islandske skjaldedigtning (fire bind: A. Teksten efter håndskrifterne I-II; og B. Rettet tekst med tolkning I-II). København og Kristiania: Gyldendal.

SkP = Skaldic Poetry of the scandinavian Middle Ages (9 bind, samt nettside; 6 bind utgitt til no). 2007-. Turnhout: Brepols. Nettside: https://skaldic.abdn.ac.uk/db.php?if=default&table=home&view=; ed. Tarrin Wills.

Sluttnoter

[1] Lund 1983, s. 18-27. Litteraturlista etter sjølve artikkelen gir nærmare detaljar om verka eg viser til.

[2] Det som står i den frankiske annalen, tyder på at Westarfolda har vore noko anna, eller kanskje heller noko meir, enn dagens Vestfold fylke, og omfatta område lenger vest. Sjå professor Torgrim Titlestads artikkel om Westarfolda. Heile dette Westarfolda, ikkje bare dagens Vestfold fylke, må ha blitt ein del av Ottars Norðweg.

[3] Haraldskvæði (Hrafnsmál) = Harkv: Þhorn Harkv 5:3 (SkP I, s. 98); Harkv 5:3 (Skj BI, s. 22).

[4] Ynglingatal = Yt: Þjóð Yt 26:1-2 (SkP I, s. 55); Yt 35:1-2 (Skj BI, s. 13).

[5] Hákonarmál = Hák: Eyv Hák 3 (SkP I, s. 177); Hák 3 (Skj BI, s. 57).

[6] Gráfeldardrápa = Gráf: Glúmr Gráf 7:4 (SkP I, s. 256); Gráf 6:4 (Skj BI, s. 67).

[7] sa | haraltr (:) ias : sąR : uan : tanmaurk ala : auk nuruiak (SJy 11; https://runer.ku.dk/q.php?p=runer/indskrifter, lese 15.9.2025; dansk omsetting ‘den Harald, som vandt sig hele Danmark og Norge,..’ (Hvass 2011, s. 14).

[8] Vellekla = Vell: Esk Vell 16; 22:5-8; 32:1-4 (SkP I, s. 304; 309; 323); strofene i kvadet er noko annleis sette saman i Finnur Jónssons Den norsk-islandske skjaldedigtningen, der er dei Vell 17; 23:5-8; 37:1-4 (Skj IBI, s. 120-124).

[9] Óláfsdrápa, erfidrápa: Hfr ErfÓl 23:1-4 (SkP I, s. 433); Óláfsdrápa, erfidrápa 25:1-4 (Skj BI, s. 156).

[10] Eiríksdrápa: ÞKolb Eirdr 10:4 (SkP I, s. 503); Eiríksdrápa 7:4 (Skj BI, s. 205).

[11] Same kvad: ÞKolb Eirdr 9:5-8 (SkP I, s. 501); Eiríksdrápa 6:5-8 (Skj BI, s. 204).

[12] Glælognskviða: Þloft Glækv 9 (SkP I, s. 875); Glælognskviða 9 (Skj BI, s. 301).

[13] Jon Gunnar Jøgensen: «Snorre, skaldene og slaget ved London Bridge» (foredrag 23.9.2022; Early Poetry and Old Norse Prosimetra; konferanse, Oslo 21.-23.9.2022). Mine notatar frå konferansen.